Brødskiveeksperiment: Viser at god handvask er viktig

Før vi i det heile hadde høyrt om koronaviruset starta kontaktlærar, Mari Hareide, på eit prosjekt med å sjekke ut kor viktig det er med god handhygiene. Det viste seg å vere god timing.

NB! Dette intervjuet blei gjort før skulane stengte på grunn av korona.

Mari Hareide hadde sett på sosiale medium at ein lærar hadde gjort eit liknande forsøk. Etter ein prat med ein kollega ville ho teste ut dette med sine eigne elevar.

– Handvask er alltid aktuelt, og spesielt med mange vintervirus rundt oss. Eg mistenkte også at mange på trinnet ikkje var så nøye på dette, og at det derfor kunne vere eit effektivt prosjekt. 

Slik blei forsøket utført

Mari delte først ut ei brødskive til alle elevane, utan at dei hadde vaska seg på hendene. Skiva gjekk rundt i klasserommet.Den blei lagt i posen merka «Uvaska».

Elevane fekk så beskjed om å vaske hendene. Ei ny skive blei levert gjennom rommet, og enda i posen merka «Vaska».

Den siste skiva tok læraren sjølv, med nyvaska hender og la direkte opp i posen, «Kontroll».

STARTEN: Slik såg skivene ut frå starten. Foto: Mari Hareide

Dagane gjekk, og så: BOOM!

Brødskivene blei lagt i ein lufttett pose i klasserommet. No skulle elevane følgje med på prosessen.

I starten skjedde det ikkje så mykje, men plutseleg starta det, fortel læraren.

RESULTATET: Slik såg skivene ut på slutten av prosjektet.
Foto: Mari Hareide

Det er tydeleg forskjell på skivene

– Vi har sett på skivene med jamne mellomrom, og stadig vist til dei. Vi har nytta alt fokuset rundt koronaviruset til å sjå på infeksjonssjukdomar, mikroorganismar og korleis kroppen nedkjempar dei, og det har vore effektivt å ha desse etterkvart svært ekle skivene hengande. 

Heile klassa har vore opptekne av prosjektet.

– Vi har veldig mange bakterier på hendene, seier Alida. – Vi burde bli flinkare til å vaske oss og tenke over alt vi tek på.

Etter at koronaviruset har fått mykje merksemd i media er Lanko og resten av klassa flinkare med handhygiena.

– Heile klassa har vorte flinkare til å vaske hendene. Eit triks er å ikkje ta på så mange skitne ting, seier Lanko.

RIKTIG HANDVASK: Lanko, Trym og Alida på Bønes skole i Bergen, har lært at for å oppnå ein god handvask skal vi alltid bruke såpe. Det er ikkje nok å dyppe hendene raskt under vatn i nokre sekund. Foto: Mari Hareide

Vask deg riktig

Ein god handvask skal, ifølgje Folkehelseinstituttet, innehalde såpe, og ein skal også la hendene vere under rennande vatn mellom 40-60 sekund. Det er faktisk lengre enn ein tur.

– Vi er glade for at prosjektet er over, men det var kjekt. Vi lærte mykje meir enn av å sitje og lese i bøker, seier Alida og Lanko.

Konklusjonen elevane og læraren sit att med er å alltid vaske seg godt med både såpe og vatn. Kontaktlæraren og elevane ser at det å vaske hender kan vere så mangt. Vi må bruke såpe under handvask, for å gjere det ordentleg. 

Men til og med skiva der læraren tok berre i eit lite hjørne har blitt merka av mikroorganismar.

– Elevane har sett at vi har utruleg mange mikroorganismar på hendene, både før og etter vask, avsluttar Mari Hareide.  

Nærbilete av brødskivene.Foto: Mari Hareide