Her blir innbyggjarane gjerda inne for å unngå koronasmitte

Koronaviruset kan nesten omtalast som eit overstått kapittel for oss her i Noreg. Me har i stor grad tilbake til vårt vanlege liv. Slik er det ikkje i Shanghai, Kina. Der blir innbyggjarane gjerda inne, til store protestar.

For første gong sidan koronaviruset vart oppdaga i Wuhan i 2020, står Kina no i ein kinkig situasjon. Omikronviruset, som me allereie har hatt besøk av i Noreg ei god stund, har ført til fullstendig lockdown i Shanghai.

Det betyr at dei over 26 millionar innbyggjarane i storbyen ikkje får lov til å forlata heimane sine, skriv NRK.

Menneske i smittevernutstyr sperrar av bustadblokker

I nesten ein heil månad har gatene i millionbyen vore veldig mykje tommare enn dei normalt er. No er det berre menneske i smittevernutstyr å sjå på bakkeplan.

Desse menneska reiser rundt for å sperra av heile bustadblokker, der dei veit at nokon av innbyggjarane har testa positivt for koronaviruset. Ein smitta i eit heilt bustadkompleks, er nok for å sperra av heile blokka og eigedommen med to meter høge gjerde.

Det gjer dei for å unngå at menneska inne i bygget skal få moglegheit til å reisa og bevega seg rundt i byen – og for å forsøka å få bukt med det lunefulle viruset.

På dette bildet gitt ut av Kinas Xinhua News Agency, bruker ein frivillig ein megafon for å snakka med innestengde bebuarar i ein leilegheitsbygning i Shanghai, Kina, tysdag 12. april 2022. Foto: Chen Jianli/Xinhua via AP

Store protestar frå folket

Men å bli sperra inne i ein heil månad, og ikkje få lov til å gå ut – det er ikkje berre berre. Mange er misfornøgde og protesterer mot korleis styresmaktene i Kina taklar problemet.

– Dette er så respektlaust mot dei menneska som bur i bygningane. Det blir brukt metallgjerder for å sperra menneske inne som dyr.

Det skriv ein person på plattforma Webio, gjeve att av NRK.

Då innbyggjarane ikkje har moglegheit til å gå ut for å fortelja kor misfornøgde dei er, har dei samlast på nettet. Videoen du kan sjå i botnen av denne saka, tek for seg misnøya til fleire av innbyggjarane i Shanghai. Den er ifølgje BBC forsøkt blokkert av kinesiske styresmakter, utan hell.

Sjå videoen her: