Barn er flinke til å vaske seg

Barn blir mest sannsynleg ikkje alvorleg sjuke av det nye viruset og er heller ikkje viktige smittespreidarar, meiner Folkehelseinstituttet,

Dei siste dagane er det meldt om smitte blant elevar fleire stader i landet. Nokre få skular er stengde, medan andre stadar er skuleklassar bedne om å halde seg heime. Likevel fryktar ikkje overlege Siri Helene Hauge ved Folkehelseinstituttet mykje smitte blant barn., Skriv ABC Nyheter

– Sannsynlegvis er ikkje barn den gruppa som blir alvorlege sjuke, og dei er sannsynlegvis heller ikkje viktige smittespreiarar, seier ho til NTB, i følgje ABC Nyheter.

Ho seier at barn har lært seg gode vaskevanar frå barnehagen.

– Inntrykket mitt er at barn er veldig flinke til å vaske hendene sine, seier ho.