Omikron kan bety slutten på korona-pandemien i Europa

Verdas helseorganisasjon (WHO) trur at omikron kan vera vegen ut av pandemien i Europa. Grunnen er at mange vil bli smitta og få immunitet.

– Korona-pandemien er i ein ny fase med omikron-varianten. Varianten kan føra til at 60 prosent av befolkninga i Europa vil vera smitta innan mars. Det kan bety slutten på pandemien i denne regionen, seier WHOs Europa-direktør, Hans Kluge, til nyhendebyrået AFP.

Det skriv NTB.

Når smittebølgja med omikron i Europa etter kvart stoppar opp, vil det i vekene og månadane som følgjer vera stor immunitet i befolkninga. Å vera immun betyr at ein har god motstandsdyktigheit mot eit virus, og slik sett blir mindre sjuk eller ikkje sjuk i det heile.

Ein kombinasjon av at mange har tatt vaksinen, at mange er blitt smitta av viruset og at me går mot varmare tider, vil med andre ord vera positivt for innbyggjarane i Europa.

Les også: Ny variant av koronaviruset: Dette veit me om «Omikron»

Kan komma ei ny bølgje i slutten av 2022

Likevel forventar WHO at det kan komma ei ny bølgje med smitte mot slutten av året.

– Me forventar at det vil vera ein stille periode før covid-19 kan komma tilbake mot slutten av året. Samstundes er det ikkje nødvendigvis slik at pandemien kjem tilbake, seier han.

WHO understrekar at det framleis er viktig å vera forsiktig. Viruset kan mutera igjen, eller endra seg, slik som det har gjort fleire gonger i løpet av pandemien.