Lego-familien vil satse milliardar på å utvikle berekraftig plast, framstilt av for eksempel sukkerrør eller trevirke, skriv den danske avisa Børsen.
- LES MEIR: Ein ny måte å bruke Lego på
- LES MEIR: Brynjar Karl (15) starta å bygge Titanic i LEGO då han var 10 år
– Det er ikkje ei lett oppgåve, og vi har kun kome eit stykke på veg i dag, seier Lego sin administrerande direktør Niels B. Christiansen til TV2.
I 2015 satte Lego av 1 milliard danske kroner for å forske på meir berekraftige klossar, men under 2 prosent av klossane som blir solgt i dag, er laga av berekraftige material.
Berre buskar og blader til trea i Lego er i dag laga av berekraftig materiale, nærmare bestemt sukkerrør.