Lego stoppar forsøk på å lage klossar utan olje

Leiketøysprodusenten seier at å lage klossar av eit materiale som ikkje er frå olje, ville ha ført til høgare karbonutslepp.

Legoklossar er laga av plast, og plast er laga av olje. Kvar år produserer Lego milliardar med klossar. For å redusere klimautsleppa prøver Lego å finne nye materiale å lage klossar av.

I 2021 begynte dei å undersøke om det var mogleg å bruke eit materiale som ikkje kom frå olje, men så langt har det ikkje vore vellykka. Ifølge The Guardian har Lego stoppa eit forsøk på å lage klossar frå resirkulerte drikkeflasker.

Totalt større utslepp

– Det er litt som å prøve å lage ein sykkel av tre i staden for av stål, seier sjefen for berekraft i Lego, Tim Brooks, ifølge The Guardian.

Materialet som ikkje kom frå olje var nemleg mjukare. I tillegg trong prosessen for å lage Lego med det nye materialet meir energi enn vanleg. Leiketøysprodusenten måtte også ha endra mykje på fabrikkane sine. Karbonutsleppet totalt ville derfor ha blitt større.

Lego held fram med å undersøke om det er andre måtar å gjere klossane meir berekraftige på.