Brynjar Karl (15) starta å bygge Titanic i LEGO då han var 10 år

Brynjar Karl Birgisson har reist rundt i verda for å fortelje om bygginga av Titanic-modellen.

Kva er autisme?
    • Autisme er ein funksjonshemming som påverkar kommunikasjon og evne til å vera sosial med andre menneske.
LES FAKTALUKK FAKTA

Brynjar Karl kjem frå Reykjavik på Island. Han har vore spesielt glad i å byggje med LEGO sidan han var 5 år.

Då han var 10 år byrja han på ein kopi av Titanic. Kopien av skipet er blitt så imponerande at den har fått besøke fleire museum rundt i verda. No skal den visast fram på sjølvaste Titanic-museet i Tennessee. Før den kom dit, reiste Brynjar Karl rundt for å fortelle om korleis det var å ha autisme og byggje meisterverket.

Har fått sjølvtillit

– Denne reisa har hjelpt meg ut av autismen. Eg kunne ikkje kommunisere då eg starta, og no står eg på ei scene og gir intervju. Det har gitt meg sjølvtillit, seier han.

Då Brynjar Karl starta å byggje skipet, hadde han ein lærar som hjalp han i alle fag på skulen. No studerer han utan ekstra hjelp.

Brynjar Karl svarar:

Kva tid vart du interessert i LEGO?

– Då eg var 5 år hugsar eg at eg leika med LEGO.

Kva tid lærte du om Titanic?

– Då eg fylte 10 år visste eg alt som var å vite om Titanic.

Kven hjalp deg med prosjektet?

– Min bestefar Lulli rekna ut kor stor modellen måtte vera for å passe til ein legomann på 4 centimeter. Han rekna også ut kor mange lego-bitar eg kom til å trenge. Eg brukte 56 000 bitar.

Kor lang tid tok det å byggje modellen?

– 11 månader – cirka 700 timar totalt.

Tenkte du på å gje opp?

– Ja, tre gongar vart eg så frustrert at eg ville slutte.

(Kjelde: Titanic Museum)