Ebbe (15) er med på LEGO Masters: – Nesten som eg vart fødd med brikkene i handa

Ebbe Kretzmahr Wang og pappa Joakim Wang har imponert tv-sjåarar med dei kreative byggverka sine den siste tida. Interessa deira for LEGO går langt tilbake i tid.

SKRYT AV KONKURRENTANE: Ebbe fortel at det er kjempegøy å sjå på episodane no i etterkant, og sjå korleis dei andre laga løyste oppgåva. – Der og då fekk me ikkje med oss noko som helst, for me stressa jo berre rundt, seier han. Foto: Lage Ask / TV 2

– Det er ei heilt klar manipulering frå pappa si side at eg er blitt interessert i LEGO, seier Ebbe Kretzmahr Wang.

Pappa og lagkamerat Joakim Wang har nemleg drive med LEGO heilt sidan han sjølv var to år gammal. Då han sjølv fekk barn, handla han inn eit lass med brikker som vart eit naturleg samlingspunkt i familien.

– Når eg vart fødd, var det nesten som eg vart fødd med brikkene i handa. Det vart heilt naturleg at eg skulle bygga LEGO med pappa. Slik har det vore heile livet, seier han.

Derfor vart dei skikkeleg gira då dei fann eit søknadsskjema for LEGO Masters Noreg på internett ei stund tilbake.

– Fortvilelsen like stor som gleden

– Me vart SÅ glade, og eg tenkte «køyr på – no kan me endeleg melda oss på», seier Ebbe.

Han og Joakim hadde nemleg lenge fulgt med på LEGO Masters frå andre land i mange år, og hadde tenkt at dette vart eit program dei håpa kom til Noreg. Men gleda vart kortvarig. Det tok nemleg ikkje lang tid før 15-åringen Ebbe fann ut at nedre grense for å melda seg på var 16 år.

– Då var fortvilinga like stor som gleda, seier Joakim.

Etter litt diskusjon, fann dei ut at det verste var at dei fekk eit nei. Heldigvis ordna det seg – og dei vart plukka ut til å bli to av 16 deltakarar i den norske versjonen av LEGO Masters. Der står dei bak imponerande byggverk, som dei får ulik tid på å fullføra.

GODE TILBAKEMELDINGAR: Ebbe og Joakim fortel at det kulaste med LEGO Masters, var å få utfordringar som dei ikkje visste på førehand. Dette er byggverket deira frå første episode. – Me har fått masse gode tilbakemeldingar på at folk rundt oss likar serien, seier Ebbe. Foto: Lage Ask / TV 2

Har lært mykje

– Det einaste me visste var det me hadde sett frå andre land. Ut frå det visste hadde me visse idear om kva me kanskje kunne laga. Men me visste aldri kva oppgåver me fekk, seier Ebbe.

Sjølv om dei til tider var ueinige og kunne småkrangla litt, sit dei begge att med ei kjensle av å ha komme nærare kvarandre etter LEGO Masters.

– Me fekk jo eit nærmare band som far og son, sidan me har opplevd noko berre oss to. Det å ha noko spesielt med faren sin, er veldig kjekt, seier Ebbe.

– Noko av grunnen til at eg og mammaen til Ebbe tenkte at det var kjekt å vera med, er fordi me er einige om at me ikkje berre lærer ting på skulen her i livet. Eg merkar på Ebbe at han har lært mykje av dette, seier Joakim.

KARDEMOMMEBY: Eit av byggverka Ebbe og Joakim er mest fornøgd med frå LEGO Masters, er trikken frå Kardemommeby. – Før det har me også bygt masse kult saman. Når det var lockdown, bygde me «Koronaville» heima, seier dei. Foto: TV 2

Dette er LEGO Masters:

  • 16 LEGO-talent frå heile Noreg er fordelt på åtte lag og konkurrerer mot kvarandre i kampen om å bli landets første LEGO Masters.
  • I dei ulike konkurransane får deltakarane LEGO-utfordringar som gir laget høve til å bryna seg både på byggeteknikk og på design.
  • Vinnarlaget sit att med ei pengepremie på mellom anna 500.000 kroner.
  • Programmet er leia av Erik Solbakken og brikkemester Erik Legernes. Sistnemnde er LEGO-designar og oppfinnar.
  • Ny episode kjem på TV 2 og TV 2 play kvar fredag.