Spermkvalen sitt hemmelege våpen

I fleire hundre år har ingen forstått korleis spermkvalen kan renna i sund skip som er mange gonger større enn seg sjølv. No trur forskarar at dei kan ha funne svaret.

Harpun og rambukk
  • Harpun er eit spisst spydliknande våpen med eit kraftig tau festa i enden. Spissen har ei mothake slik at harpunen blir sitjande fast i kvalen om jegaren treff godt. Tauet blei brukt til å dra kvalen inn til det store skipet.
  • I moderne tid er det vanleg med dieseldrivne skip som skyt harpunen ut frå ei kanon på dekk.
  • Rambukk er eit stolpeliknande verktøy brukt til å slå inn dører og veggar med. Den har vore i bruk sidan oldtida.
LES FAKTALUKK FAKTA

Framme i hovudet til spermkvalen finst nemleg eit mystisk organ fylt med ein oljeaktig masse kalla spermaceti.

I gamle dagar trudde folk dette var sæden til kvalen, men det stemmer ikkje. Men kva er det, eigentleg? 

Drivstoff og såpe

Spermasettolja frå spermkvalen var svært ettertrakta på 1700- og 1800-talet, noko som førte til intens jakt på spermkvalane. Olja kunne brukast til drivstoff, såpe og andre ting. Heile 300 000 kvalar blei drepne i jakt. Det blei også jakta på andre typar kval.

Lettbåtar og harpun

Det var vanleg at det blei brukt store seg­lskuter til kvaljakt. Dei kunne segla i månader for å komma til farvatn med kval i. Skipa hadde fleire mindre robåtar kalla lettbåtar, som blei senka ned på vatnet. Slik kunne jegarane komma tettare på kvalane når dei skulle treffa dei med våpenet sitt, harpunen.

Dei små robåtane var utsette for angrep frå ulike typar kval, medan dei store moderskipa stort sett fekk vera i fred. Berre nokre få gonger har kval angripe desse, og kvar gong har det vore spermkval.

Moby Dick

Den klassiske romanen «Moby Dick» av Herman Melville er bygd på sanne hendingar. I 1851 blei den store kvalskuta «Ann Alexander» angripen av ein spermkval. Først blei ein av lettbåtane knust mellom kjevane til kvalen, så heldt han fram med å angripa fleire av dei andre småbåtane.

Teikning av dei dramatiske scenane då spermkvalen angreip lettbåtane til kvalskipet Ann Alexander. Teikning av Frank B. Goodrich

Plutseleg gjekk kvalen djupt ned, sette opp farten, og knuste inn i sida på det store moderskipet. Vatnet fossa inn og det enda med at skipet gjekk ned. Korleis kunne kvalen vera i stand til å knusa eit skip mange gonger større enn seg sjølv?

Ein flodhest slappar av i vatnet. Foto: Bishan Thapa Maga på Unsplash

I 2002 bestemte forskarar seg for å forsøka å finna svar.

Den pensjonerte forskaren Dave Carrier fortel til BBC at kvalfangaren Owen Chase hadde ein teori om at framsida av hovudet til spermkvalen kunne brukast som eit våpen.

Krasjpute i ansiktet

Forskarane fann ut at spermkvalen er eit pattedyr i slekt med andre pattedyr som bur på land, mellom anna flodhesten og hjorten. Også desse dyra tek rennefart og stongar ansikta mot kvarandre når dei slåst.

Illustrasjon av Isaac Walton Taber frå boka Moby Dick.

I gamle dagar var det mest umogleg for menneska å studera oppførselen til spermkvalane. I moderne tid har dronar filma spermkvalar som tek rennefart og stongar mot kvarandre.

Spermkvalen sitt mystiske, oljefylte, mjuke, store organ kan slik sjå ut til å vera ei krasjpute som gjer at han kan levera frå seg dødelege støyt utan sjølv å bli skada. Kanskje ikkje så rart at han brukte våpenet sitt mot skipa som kom for å drepa han.

Les også: Hackarar trugar Noreg på grunn av kvalfangst

Les også: Gammal lyd avslører kvalsong frå 1949