Slik blir den gode lukta av regn til

Har du nokon gong kjent den gode lukta som kjem når det byrjar å regna etter fleire tørre dagar? Då er du ikkje åleine. Forskarar har til og med gitt lukta eit eige namn.

Du går ut døra. Det har vore varmt og tørt lenge. Plutseleg kjem dei første regndropane. Og så skjer det. Ei heilt spesiell lukt fyller lufta. Mange synest lukta er frisk og god. Men kvar kjem ho eigentleg frå?

Den jordaktige lukta som ofte kjem når det regnar etter ein tørr periode, blir kalla petrichor. Namnet kjem frå gresk. «Petra» betyr stein, og «ichor» var namnet på blodet til gudane i gresk mytologi.

Forskarane Isabel Joy Bear og Richard Thomas fann på ordet i ein vitskapleg artikkel i 1964. Dei skildra lukta som kjem frå tørr jord og stein når dei blir våte.

Plantar lagrar lukt

Når vêret er tørt lenge, slepper nokre plantar ut små mengder oljar. Oljane kan samla seg i stein og jord. Når det kjem fukt eller regn, kan luktstoff frå oljane bli frigjorde og spreidde i lufta.

Men plantane er ikkje åleine om å laga regnlukta. I jorda bur det bitte små bakteriar. Nokre av dei lagar eit stoff som heiter geosmin.

Geosmin er eitt av stoffa som gir lukta ein jordaktig tone. Menneske kan lukta svært små mengder geosmin.

Forskarar veit ikkje heilt kvifor. Ein teori er at lukta kan ha hjelpt forfedrane våre med å finna vatn.

Illustrasjon: Süleyman Akbulut / Pixabay

Regndropane lagar små bobler

Regndropane kan òg bidra til å spreia lukta. Når ein regndrope treffer ei porøs flate, som jord, kan små luftbobler bli fanga under dropen. Boblene stig gjennom dropen og sprekk. Då kan ørsmå aerosolar bli sende opp i lufta.

Slik kan regndropar spreia luktstoff frå bakken ut i lufta.

Forskarar ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) filma dropar som trefte porøse flater med høgfartskamera. Dei viste korleis boblene blir danna og sprekk. Forskarane meiner dette kan vera ein av måtane luktstoff frå bakken spreier seg på.

Kvifor luktar det mest etter tørke?

Har du lagt merke til at regnet luktar ekstra godt etter mange varme dagar?

Når vêret er tørt, kan planteoljar og andre luktstoff samla seg på bakken. Regn etter ein tørr periode kan frigjera desse stoffa og spreia dei i lufta. Når det regnar ofte, kan noko av stoffa bli skylt vekk, slik at det ikkje samlar seg like mykje.

Ei lukt mange likar

Nokre forskarar har foreslått at mange menneske synest regnlukta er god fordi regn ofte betyr at det kjem vatn. Dette er ei mogleg forklaring, men forskarane veit ikkje sikkert kvifor vi likar lukta.

Vatn har alltid vore viktig for menneske, dyr og plantar. Kanskje er det derfor mange kjenner seg rolege eller glade når den spesielle lukta av regn fyller lufta.

Kjelder: Science Focus, Smithsonian Magazine