Likar du å smaka på mat du aldri har smakt før?
Kristoffer: – Før likte eg ikkje så godt å smaka på ny mat, men eg har byrja å bli litt meir optimistisk, så no likar eg det. I mat og helse laga me noko som heiter fisketaco, med djupfryst torsk, pico de gallo, mais, salat og mykje anna godt. Eg likar eigentleg ikkje alle grønsakene me brukte kvar for seg, men samla smaka det veldig godt!
Brian: – Ja, eg likar det av og til.

Kva er det mest uvanlege du har smakt?
Kristoffer: – Det må bli fisketacoen!
Brian: – Torsk.
Har du nokon gong smakt noko du trudde du ikkje kom til å lika, men som viste seg å vera godt?
Kristoffer: – Ja, første gong eg smakte på fisk, trudde eg ikkje at eg kom til å lika det. Men det enda opp med å vera noko av det beste eg har smakt. Det var torsk med smelta smør og makaroni.
Brian: – Det var laks. Eg likar å eta det med smelta smør.
Er det noko du ikkje har smakt enno, men som du har lyst til å prøva?
Kristoffer: – Eg har eit ønske om å smaka på flyndre.
Brian: – Nei, det trur eg ikkje. Eller eg veit eigentleg ikkje heilt. Eg har sett ein YouTube-video der nokon laga chips av tang og tare.

Kva kan gjera det lettare å våga å smaka på noko nytt?
Kristoffer: – Å prøva å tenkja sånn: «Eg trur eg kjem til å lika dette.» Då er det større sjanse for at du går inn i det med ei haldning der du er klar for å lika noko. Viss du tenkjer: «Dette kjem eg aldri til å lika. Det ser så ekkelt ut», er det større sjanse for at du ikkje kjem til å lika det.
Brian: – Å seia: «Det høyrest godt ut! Det har eg lyst til å smaka.»
Kva snop likar du aller best?
Kristoffer: – Eg har to favorittar: surt og mjølkesjokolade.
Brian: – Surt og søtt på meg òg.






















