Frå frø til mat på skulekjøkenet: – Eg får ei meistringskjensle

Kva skjer med maten før han hamnar på tallerkenen? Sjetteklassingane Alfred, Milo og Tobias har skulehage der dei får vere med på heile reisa til maten og dei lærer masse på vegen.

– Det morosamaste med å ha skulehage er at vi kan dra hit og hauste mat som er veldig god. Betre enn det ein kjøper på butikken, seier Alfred.

I over 100 år har Høybråten skole i Oslo hatt skulehage. Ein skulehage er ein hage laga for at elevar skal dyrke og hauste grønsaker, frukt og andre plantar.

Alfred, Milo og Tobias er 11 år og går i sjetteklasse på Høybråten skole. Dei bruker ofte skulehagen, spesielt når dei har mat og helse.

Tobias Eide, Milo Alexander Westerheim Stubergh og Alfred Eliesen Stendal. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Vår og såing

Aktivitetane i skulehagen startar lenge før elevane kan plukke hausteklare grønsaker. Om våren har elevane ved skulen i oppgåve å så frø og plante.

Alfred, Milo og Tobias er blant elevane som har vore med på å sette poteter. Då laga dei renner i jorda og sette settepoteter i rennene, før dei dekte til med jord igjen. Deretter har det blitt vatna og luka for ugras, så potetene fekk vekse best mogleg.

Mange av grønsakene blir sådde i pallekarmar. Pallekarmar er slike kassar som du ser på bildet. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

– Vi lærer masse om korleis vi kan plante og hauste mange ulike grønsaker, seier Tobias.

Alfred fortel at dei lærer kva plantene treng for å vekse og korleis dei kan dyrke mat på ein smart måte.

– Vi har for eksempel lært at det er lurt å plante gulrøter i nærleiken av lauk.

Dette er fordi den sterke lukta frå lauken gjer at enkelte insekt som er glade i gulrot, held seg unna.

Milo hausta ein gul lauk. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Poteter, gulrøter og sukkererter

Elevane lærer dessutan om kva næringsstoff som er i dei ulike grønsakene og frukta dei dyrkar – og kvifor kroppen treng dei.

I skulehagen blir det dyrka mykje forskjellig. Dei har mellom anna poteter, gulrøter, sukkererter, squash, tomatar, stangselleri, eple, rabarbra, urter, kålrot, raudlauk, gul lauk og kvitlauk.

I skulehagen på Høybråten skole kan elevane mellom anna hauste timian, eple og gulrøter. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Tobias har to klare favorittar.

– Det beste vi dyrkar, er potet og gulrot.

Alfred likar også poteter og gulrøter, men har ein annan favoritt i tillegg.

– Sukkererter er veldig godt.

For Milo er det sukkererter og squash som toppar lista.

Alfred er veldig glad i gulrot. Nokre gonger får elevane ta med heim vekstane dei haustar, slik som i dag. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Haust og hausting

Når hausten kjem og vekstane i skulehagen har vakse seg store og modne, er tida komen for at elevane kan slå seg laus på skulekjøkenet.

– Når vi skal kokke i mat og helse, tek vi berre med oss bereposar eller kassar og hentar dei vekstane vi treng til matlaginga, seier Milo.

Frå tomatplante til lekker matrett: Klasse 6D ved Høybråten skole laga nyleg denne retten av tomatar, stangselleri, sukkererter og timian frå skulehagen. Foto: Privat

Elevane lærer også om korleis dei kan ta vare på og lagre maten dei dyrkar. Til dømes har dei pressa epla til eplejuice og dei skal lære å lage eplesyltetøy.

– Vi har også laga hermetiserte pærer, fortel Milo.

Å hermetisere pærer vil seie å koke dei opp i sukkerlake (vatn med sukker), og ha pærene og sukkerlaken over på eit heilt tett og reint glas. Slik kan dei stå seg i fleire år.

Nyleg prøvde elvar ved Høybråten skole å lage eplejuice av epla som veks i skulehagen. Foto: Privat

Meistring i kortreist mat

– Det har overraska meg skikkeleg kor god mat ein kan lage heilt sjølv, heilt frå botnen av, seier Milo og held fram:

– Eg får liksom ei meistringskjensle av å ete maten vi har dyrka sjølv.

Alfred meiner også at maten frå skulehagen smakar ekstra godt.

– Han er mykje ferskare og økologisk.

At mat er økologisk, vil seie at han er dyrka utan å bruke kunstgjødsel eller sprøytemiddel.

Tobias meiner i tillegg at det er fint at maten ikkje blir frakta så langt, fordi det er meir klimavennleg.

– Fordi vi har skulehage, får vi mat som er kortreist. Vi treng liksom ikkje å få frakta han med lastebil eller fly.

Milo fann store gulrøter. Nokre gonger kan dei vere veldig små, men like gode. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Nokre utfordringar

Det er rett nok ikkje berre enkelt å drive skulehage. Nokre oppgåver krev krefter.

– Når vi haustar poteter og skal dra opp potetgraset, hender det at røtene sit veldig godt fast i jorda. Då kan ein måtte ta skikkeleg i, fortel Tobias.

Tobias har blitt inspirert av å drive i skulehagen: – Eg har dyrka squash, poteter, gulrøter, lauk, spisskål og graskar. Det meste har faktisk gått bra heime òg. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Også dyr og insekt kan skape utfordringar.

Fluger, sniglar og fuglar kan ete plantene. Fuglane kan til og med finne på å ete frøa rett etter at dei er sådde, fortel sjetteklassingane.

Men det er faktisk ikkje alle småkryp som er uønskte.

– Mark vil vi faktisk ha, fordi han gjer at jorda blir sunn og næringsrik, fortel Alfred.

Sjølv om det er seint i sesongen, er det framleis forskjellige vekstar som kan haustast. Her plukkar sjetteklassingane timian. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Samarbeid

Sjølv om elevane gjer mykje av arbeidet i skulehagen, er det også andre som hjelper til så hagen blir halden ved like og drive på ein skikkeleg måte.

Kenneth og Robert er tilsette på Høybråten skole, og er dei som har ansvaret for skulehagen. Dei planlegg mellom anna kva oppgåver dei ulike klassane skal ha i hagen og kjøper inn frø og anna utstyr som trengst.

Kenneth Lindberget og Robert Antonio Medina Dahlen er tilsette på skulen og har ansvaret for drifta av skulehagen. Foto: Ragnhild Marie Kjosbakken

Skulen får også hjelp av den frivillige organisasjonen Lions. Dei hjelper mellom anna til med å klippe gras og gir økonomisk støtte.