Noregs Fotballforbund og Redd Barna skal førebyggja og avsløre overgrep mot barn og unge.
– I idretten møter barn og unge vaksne tillitspersonar som dei kan søke hjelp frå. Men det er også ein stad der barn diverre kan bli utsett for seksuelle overgrep. Difor er det gledeleg at fotballforbundet tek dette på alvor, seier Birgitte Lange i Redd Barna.