Barneombodet: Barn utsett for overgrep får ikkje nok hjelp

– Vi har knapt sett at nokon av desse barna har fått skikkeleg hjelp etter det dei har blitt utsett for, seier Barneombodet til NRK.

Barn som har blitt utsett for vald og overgrep får ikkje god nok hjelp til å bearbeide det som har skjedd, seier Barneombod Anne Lindboe til NRK.

No vil ho ha endring på dette og leverer derfor ein rapport om dette til barne- og likestillingsministeren.

Alvorleg vald

Etter å ha intervjua rundt 50 barn som har blitt utsett for vald og overgrep, fortel Barneombodet at systemet som skal hjelpe barna ikkje fungerer slik det skal.

Dette gjeld spesielt barn mellom 9 og 18 år som har opplevd alvorleg vald.

Det er spesielt etter at barna har fortalt om overgrepa på krisesentrar og barnehus, og så skal starte kvardagen igjen, at dei ikkje får nok hjelp, meiner Anne.

Kvart 20. barn i Noreg har opplevd alvorleg fysisk vald frå foreldra sine. Dei fleste har opplevd dette fleire gongar, ifølgje Barneombodet.