Politiet: Stadig yngre barn deler bilder og videoar av seg sjølv

Dei siste åra har politiet sett at stadig fleire yngre delar seksualisert innhald på internett, utan at dei har vorte oppmoda eller trua til å gjera det av andre.

Dette kjem fram i Politiets trusselvurdering for 2023., skriv NRK.

I rapporten kjem det fram at det er stadig fleire yngre barn i Noreg som sel bilete eller videoar av seg sjølv der dei gjer seksuelle handlingar.

– Det er registrert tilfelle med barn ned i elleveårsalderen. Nokre barn som har filma seg sjølv nakne har vore så unge som fem år, står det i rapporten.

Politiet seier også at barn som deler overgrepsmateriale av andre barn utan samtykke, er ein vedvarande trend. Delinga skjer på digitale plattformer – både mellom enkeltpersonar og grupper.

Sårbare på nett

Redd Barna seier i ei fråsegn til NRK at dei forventar at styresmaktene no justerer dei førebyggjande tiltaka, slik at dei treffer dei yngste barna som er mest sårbare på nett.

– Me er svært bekymra over utviklinga politiet beskriv. Politiet har gjort ein del førebyggjande arbeid dei siste åra, men det er ikkje nok. Innsatsen må styrkjast på barns oppvekstarenaer, eksempelvis skulen, seier Thale Skybak, som er leiar for nasjonal politikk i Redd Barna til NRK.