- Talentsenter i realfag satelitt Sunnhordland er ei avdeling under VilVite-senteret i Bergen, der barn kan utforska og eksperimentera med naturfag og teknologi.
- For skuleåret 26/27 finn du talentsenter i realfag tilknytt vitensenter i Tromsø, Alta, Trondheim, Bergen, Oslo, Sandnes og Ås.
- Ein ny satelitt er under planleggjing i Sogn og Fjordane under vitensenteret Vitemeir i Kaupanger.
- Det varierer kva trinn dei ulike sentra har tilbod for. Satelitt Sunnhordland har to grupper. Éi for 5.-7. trinn og éi for ungdomsskuletrinnet.
- Alle som har lyst kan søka om å få bli med. Du treng ikkje vera superflink på skulen. Det viktigaste er at du er nysgjerrig og har lyst til å læra.
– Visste de at den gule flekken i auga eigentleg er raud?
Spørjande blikk blir veksla mellom elevane som sit samla i eine hjørna av butikken.
Arnhild Myklebust har nett ønskt velkommen rundt tjue nysgjerrige elevar frå 5.-7. trinn frå ulike skular i regionen.

Kjedar seg på skulen
Felles for dei fem elevane Framtida Junior intervjuar, er at dei alle kjedar seg på skulen. Dei kjem frå skular på Tysnes, Bømlo og Stord.
– Eg får ikkje nok utfordringar. Me får berre ein smakebit på faga, seier Miriam Minh Anh Nes (12).
– Eg synest det er for enkelt på skulen, seier Stefano Ersland (12).

Skreiv søknad om å få bli med
– Alle som vil kan søka, seier talentrettleiar Åsmund Natås. Han er leiar av satelitt Sunnhordland og skal leggja til rette for at elevar med stort læringspotensiale får utfordringar tilpassa deira måte å læra på.
– Det er fantastisk at bedrifter som Brilleriet stiller opp. Neste stopp etter dette er besøk på teknologi- og industri-bedrifta Wärtsilä.
Aksel Greenshields (12) frå Leirvik skule blei tipsa av søskenbarnet sitt om å bli med på Satelitt Sunnhordland.
– Mor mi hjalp meg med å skriva søknad. Det tok berre om lag ein time. Eg søkte på det fordi det høyrdest gøy ut.

Synstest
Stefano Ersland (12) frå Svortland skule på Bømlo kikkar inn i maskinen. I mens kan Jonatan Løve Gjersvik (12) frå Tysnes skule studera auga hans. Maskinen reknar ut om Stefano treng briller. Det er litt som AI, seier Arnhild Myklebust, som hjelper til frå sida.


Bilde inni auga
Den andre maskinen elevane får prøva, tek bilde av auga på ein annan måte. Då kan dei sjå nærare på netthinna og synsnerva.

Styrken i glasa
For å hjelpa auga, har menneske funne opp brillene. Om du er nærsynt, treng du glas i brillene dine som er konkave, det vil seia at glaset er bua innover mot auga. Om du er langsynt, treng du glas som er konvekse, det vil seia at glaset buar utover, frå auget. Tjukkelsen på glasa avgjer kor mykje hjelp auga får av brillene.

Elevane fekk i oppgåve å tippa kor stor styrke det var på brilleglasa. Det var ikkje så lett. Spesielt fordi det var lagt inn nokre lureglas også som ikkje hadde styrke.

Elvane fekk også prøva å slipa kantane på glasa. Det må gjerast for at dei skal passa inn i dei ulike stativa, altså brilleinnfatningane
4. Skjekka fargesyn og dybdesyn:

Kanskje har du høyrt om det å vera fargeblind? Det heiter eigentleg fargesvak. Nesten ingen menneske er heilt fargeblinde, men ein del kan ha problem med å skilja enkelte fargar frå kvarandre.




























