Kva er overgrep?

For å hindre at det skjer overgrep, er det viktig at du og alle du kjenner veit kva det er. Me har snakka med Barneombodet om dette, og laga ei liste til deg. Opplever du overgrep, eller kjenner nokon som gjer det, ring alarmtelefonen 116 111.

  • Seksuelle overgrep er når nokon tek på puppene dine, rumpa eller tissen din, får deg til å gjere noko med sin eigen tiss, eller tar sin tiss mot din tiss, utan at du vil det.
  • Det kan vera ein vaksen, ein ungdom eller eit anna barn.
  • Sjølv om du kan oppleve at det er litt godt å bli tatt på nokre av desse plassane, er det ulovleg at ein vaksen gjer dette. Det betyr at ein vaksen kan straffast for dette.
  • Nokon vaksne seier noko dumt vil skje viss du seier det til nokon. Til dømes at den vaksne må i fengsel, at nokon vert sinte på deg, at nokon vert skada eller døyr, eller at det er din feil. Slikt seier dei berre fordi alle vaksne veit at dette er ulovleg, så ikkje høyr på det.
  • Det finst gode og vonde løyndommar. Døme på gode løyndommar er kva du skal gi i gåve til nokon. Vonde løyndommar kan vera at du må ta på tissen til ein vaksen, at ein vaksen kosar med tissen din, eller at ein ven har fortalt deg at ein vaksen gjer dette med han.
  • Incest er når nokon i familien utsett deg for seksuelle overgrep.
  • Valdtekt er når nokon, det kan vera ein vaksen, ein ven eller andre, tvingar deg til å gjennomføre eit samleie sjølv om du ikkje vil.

Alle bør lære om seksuelle overgrep allereie i barnehagen, meiner Barneombodet.

(Kjelde: barneombodet.no og jegvilvite.no)

SJÅ VIDEO FRÅ RVTS VEST ØVERST I SAKEN.