Kenyas siste ebola-pasient er skriven ut

Kenyas helseminister Aden Duale annonserte denne veka at landets siste ebola-pasient no er skriven ut.

Ebola
  • Ebola er ein sjukdom som kan smitte frå person til person gjennom direkte kontakt med blod eller andre kroppsvæsker frå ein som er smitta.
  • Ein kan få feber, hovudverk, vondt i kroppen, diaré og oppkast.
  • Ebola kan vere livstrugande.
  • Det er først og fremst menneske i Afrika som blir råka av Ebola.

Kjelde: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det melder Africa News.

Det betyr at landet no offisielt kan begynne nedteljinga på 42 dagar til å erklære seg ebola-fritt.

Landet hadde sin fyrste pasient tidleg i oktober, og sidan då har ni menneske blitt smitta.

Landet held fram med førebyggjande tiltak, og har framleis strenge grensekontrollar.

Det er framleis store ebola-utbrot i andre land i regionen, og fleire tusen har no mista livet i det som blir beskrive som eit av dei verste ebola-utbrota ein veit om.