– Når alle veit, er det vanskeleg for ein overgripar

Erik Sandnes Oksavik, som jobbar i Stine Sofies Stiftelse, har reist rundt for å snakke om overgrep i mange år.

Han meiner at alle ungar må få vite at det finst folk som kan gjera overgrep. Desse folka kan vera snille også, sjølv om dei gjer noko gale. Det gjer at mange barn vert forvirra.

– Det er viktig å vite at dei vaksne som gjer dette, også kan vera foreldre eller andre du kjenner godt. Det er då du må vite at det er du som bestemmer over din eigen kropp. Ingen andre, seier han.

KVA ER OVERGREP?

LES INTERVJU MED BARNEOMBODET HER.

Ein å snakke med

Erik meiner at alle må ha ein vaksen å snakke med. Ein person som ikkje er i familien.

– Denne personen kan vera ein i barnehagen, ein lærar, helsesøster eller foreldra til ein ven, seier han.

ALLE MÅ VITE: Erik Oksanes meiner at alle ungar må få vite at det finst folk som kan gjera overgrep. FOTO: Stine Sofies Stiftelse

Feige vaksne

Om du trur eller veit du har opplevd overgrep, er det viktig at du snakkar med nokon. Slik at både du og den som har gjort dette mot deg, kan få hjelp.

Det finst diverre også vaksne som ikkje er modige nok til å gjere noko med det du seier.

– Om du seier noko til ein vaksen, og ingenting skjer, snakk med ein annan vaksen. Ikkje gi deg, seier Erik.

Gladmelding

Erik og gjengen i Stine Sofies Stiftelse er glad Barneombodet no seier at alle bør lære om overgrep så tidlig som i barnehagen.

– Allereie i barnehagen bør me snakke om barn om kroppen, om grenser, om korleis dei har det heime, seier Erik.