Helsesjukepleiar om fellesdusjing

Føler du at andre ser på kroppen din når det er fellesdusjing? Kanskje kjenner du på at andre er komen lenger i puberteten enn deg, eller kanskje er du den som er først ute?

Kontaktinfo: TONJE

Skriv til Tonje og få svar i Framtida junior..

Namnet ditt blir ikkje vist i artikkelen.

Send mail til helsesyster@gmail.com

LES FAKTALUKK FAKTA

Mange syns det er vanskeleg å skulle dusje saman med andre.

Alle kroppar er ulike, og det blir aller mest tydeleg når ein er naken. Når du er i ein garderobe saman med andre ser du mangfaldet av kroppar. Nokon er lange og slanke, nokon har større mage, andre har begynt å få hår på tissen eller større puppar. Nokon har mykje føflekkar, andre ingen. Det er desse forskjellane som gjer at du er akkurat du.

Desse forskjellane er naturleg å legge merke til, men ikkje bra å kommentere. Det oppstår lett misforståingar når ein kommenterer om kroppen til andre. Om du føler deg utrygg, til dømes at nokon skal ta bilete eller sei noko, er det viktig at du snakkar med ein vaksen på skulen om det. Dusjinga skal, som resten av skuletida, vere ei trygg og god oppleving for elevane.