Nesten alle dusjar etter gymtimen

– Skal vi tru alt som har stått i media dei siste åra, hatar om lag alle barn og unge i Noreg å dusje etter kroppsøving, seier Kjersti Mordal Moen.

Kjersti jobbar med kroppsøving ved Høgskulen i Innlandet. Saman med to kollegaer har ho forska på barn og dusjing i skulen.

– Dei fleste handterer dette på ein grei måte, seier ho til Kilden kjønnsforskning.no.

Ho fortel at det sjølvsagt finst barn som ikkje er komfortable med å dusje i lag med andre, men at dette er langt færre enn mange trur.

Nesten alle dusjar

750 elevar frå 5.–10. klasse har svara på forskarane sine spørsmål om gym, garderobe, skifting og nakendusjing.

Fire av fem svarar at dei må dusje etter kroppsøvingstimar. Litt over 90 prosent av desse svarar at det er forventa at dei dusjar utan klede. Men endå fleire – 96,5 prosent – svarar at dei faktisk dusjar utan klede.

Nær 90 prosent av elevane svarar dessutan at det er greit å dusje etter gymtimen.

– Elevane opplever med andre ord både at det er forventa at dei dusjer utan klede, men også at dei faktisk sjølv vil dusje utan klede, seier Kjersti.

Lite tid, bråk og kaldt vann

Undersøkinga avdekkjer nokre problem. Elevane fortel spesielt om tre ting som må gjerast noko med i skulen.

I gutane sin garderobe på barnetrinnet er det veldig mykje bråk, medan jentene på ungdomsskulen meiner dei får for lite tid til å dusje og skifte. Over halvparten av elevane meiner at vatnet i dusjen er for kaldt.

Det er mange som ikkje vil dusje i frykt for å bli tatt bilete av. Ein fjerdedel av elevane er einige eller litt einige i at det er noko dei er redd for.