Kanskje ein ven har flytta, eller du lengtar etter nokon du ikkje kan møta lenger? Når nokon er viktige for oss, er det naturleg å sakna dei når me ikkje er saman, skriv Ung.no.
Det finst ikkje éin rett måte å sakna nokon på. Du kan bli trist, kjenna deg uroleg eller få vanskar med å tenkja på andre ting. Nokre kjenner seg tomme. Andre kjenner både glede og sorg når dei tenkjer på gode minne.
Sakn kan òg kjennast i kroppen. Du kan til dømes få hovudverk eller kjenna deg kvalm. Du treng ikkje tenkja på den du saknar heile tida. Det er lov å leika, le og ha det fint òg.
Dette kan hjelpa:
- Snakk med nokon. Fortel ein ven eller ein vaksen du stolar på, korleis du har det.
- Skriv ned tankane. Det kan gjera det lettare å forstå kva du kjenner.
- Del eit minne. Dersom du saknar nokon som er død, kan det vera godt å snakka med andre som kjende personen.
- Ver tolmodig med deg sjølv. Du treng ikkje skunda deg med å slutta å sakna.
Saknet kan bli lettare med tida, men nokre vil alltid sakna den som er borte. Det betyr ikkje at ein ikkje kan få det godt igjen.
Dersom saknet tek så stor plass at kvardagen blir vanskeleg, kan helsesjukepleiaren på skulen hjelpa deg.



















