Gym-forskarar: – Det bør vera ein lærar i garderoben

Dei fleste elevar meiner at læraren ikkje passar på dei i gym-garderoben, viser ei ny undersøking.

Forskarar ved Høgskolen innlandet, har forska på korleis elevar har det i garderoben. 3000 norske barn og unge var med i undersøkinga. Forskarane har skrive om dette på bloggen sin.

Av 1000 barn og unge svara 100 at dei har opplevd å bli mobba eller erta i garderoben, skriv Ung.Forskning.no.

Bråkete

Elevar fortel om mykje bråk i garderoben på barneskulen, og ein del ungdomsskuleelevar likar ikkje å dusje i lag med andre.

Dei fleste har det greitt i gym-garderoben. Forskarane meiner det er rart at elevar skal klare seg åleine i garderoben.

I både timar og friminutt passar lærarar på. Og på nokre skular er det lærarar som passar på i garderoben også, men dei fleste elevane i undersøkinga var åleine.

Gym-forskarane håpar fleire lærarar vil byrje å passe på i garderoben.