Kor mange bestevener er det vanleg å ha?

Helsesjukepleiar Tonje svarar deg på spørsmål. I dag er tema bestevener.

Alle menneske er ulike. Nokon av oss likar å ha mange rundt seg, medan andre likar seg betre åleine eller med få personar nær. Nokon vil dele det dei kjenner med fleire, medan nokon av oss held meir for seg sjølv.

For kva er eigentleg ein besteven?

Eg trur at for dei fleste av oss er det ulike personar som betyr ulike ting for oss. Nokon er den beste venen når du har ein løyndom eller fordi han/ho er morosam, andre er den beste venen fordi de har felles interesser. Av og til kan det beste med eit venskap vere at de har kjent kvarandre lenge. Kven som er den beste venen din endrar seg heile livet, for dei fleste av oss.

Det er heilt normalt å kjenne på at ein ikkje har nokon besteven. Eg tenkjer det er bra om du ikkje er så opptatt av kven som er besteven, men at du gjer det du kan for å vere ein god ven, og set pris på dei venene du har.