Kva betyr det å vere raus?

I oktober er den årlege markeringa av verdensdagen for psykisk helse. I år er tema «ver raus».

Dette er eit stort og viktig ord, og ein god eigenskap. Ved å vere raus med andre, meiner eg ein kan bidra til å styrke si eiga psykiske helse, og ikkje minst andre si.

Å vere raus med andre kan vere å vere raus med ord. Men ein kan også vise rausheit. Å akseptere ulikskapane i samfunnet vårt er å vere raus, at nokon er annleis, og nokon ser annleis ut. Å hjelpe pappa å dekke av bordet når han er sliten er å vere raus. Du kan vere raus med klemmar. Du kan hjelpe andre. Du kan vere glad på andre sine vegner. Du kan vere raus med deg sjølv – ikkje tenke for mykje på noko du har sagt eller gjort, som du gjerne ville gjort annleis.

Eit raust samfunn styrkar alle. Bli med på verdensdagen – bli med å vere raus!

Les meir på verdensdagen.no.

Har du spørsmål som du vil ha svar på?

Skriv mail til helsesyster@gmail.com