Korleis ein kan merke om ein er forelska?

Helsesjukepleiar, Tonje, skriv om forelsking. Korleis ein kan merke om ein er forelska?

Veldig mange lurer på korleis ein kan merke om ein er forelska, og det er eigentleg ikkje så lett å svare på, for det er nok ulikt frå person til person. Men, som oftast kjennes det fint, og du merker kanskje at du oppfører deg litt annleis rundt den du er forelska i.

Dei gongane det ikkje er ei god kjensle, kan vere når den du er forelska i ser ut som ikkje bryr seg så mykje om deg. Dette opplever dei aller fleste i løpet av livet sitt.

Det er ganske få som berre er forelska éin gong. Nokon forelskar seg lett og ofte, andre sjeldnare. Nokon gutar forelskar seg i gutar, andre i jenter. Nokon forelskar seg både i gutar og jenter.

Nokon fortel vennene sine kven dei er forelska i, medan andre syns ikkje det er så lett å prate om. Slik er det jo med alle kjensler. Del det med den du vil, og følg hjartet <3