Må du dusje etter gymtimen?

– Nei, skulen kan ikkje tvinge deg til å dusje etter gymtimen, seier Barneombod Anne Lindboe.

Kroppsøving er eit fag der ein skal vere fysisk aktiv, oppleve glede og utvikle sjølvkjensle. Nokre elevar synes det å dusje kan vere vanskeleg. Nokre har eit religiøst syn som gjer at dei ikkje kan dusje nakne saman med andre, og nokre opplever å bli mobba for kroppen sin.

Alle elevar i skulen har rett til å oppleve gleda ved å vere fysisk aktiv. Skulen skal derfor leggje til rette for at alle kan delta. Dei skal også leggje til rette for at elevar kan delta utan å dusje, eller dei skal finne løysingar som gjer at ein elev kan dusje på ein måte som er trygg for den det gjeld, fortel Anne.

Alle skal få tid

Dei som vil dusje, har krav på å få tid til det etter timen, sjølv om dette ikkje står i lova. Skulen kan altså som regel ikkje nekte elevar å dusje. Læraren som har ansvaret for timen med kroppsøving, skal leggje inn tid til å dusje i slutten av timen, og den læraren som skal vera til stades i garderoben skal være same kjønn som dei elevane som er der, seier Anne.

Viss du har lyst til å dusje, men synest det er ubehagelig å dusje med dei andre, kan du snakke med læraren om det er mogleg å dusje før eller etter dei andre.

Du kan klage

Dersom ikkje dusjforholda er slik dei bør vere kan du sende ei skriftlig klage til rektor på skulen. Skriv kva som er gale og kva du ønskjer at skulen skal gjere. Om du vil kan du óg sende kopi av klagen til kommunelegen eller helsesjefen i kommunen, seier Anne.

Elevrådet kan óg engasjera seg om dusjane ikkje fungerer slik dei skal, eller om ein vil bygge eigne båsar i dusjrommet.