Reddar mat som ellers ville blitt kasta: – Me må vakna litt

Matreddarane på SFO Gomalandet meiner det er viktig at alle må bli flinkare til å ta vare på maten me har tilgjengeleg.

FAKTA: Så mykje mat blir kasta
  • Kvar person kastar i snitt 74 kilo mat kvart einaste år
  • 17 prosent av all mat på jorda blir kasta. Det er det same som 23 millionar fullasta lastebilar. Det er nok til å laga ei kolonne som strekk seg rundt jorda sju gonger.
  • Mesteparten av matsvinnet skjer i dei private heimane. 
  • Nesten 10 prosent av alle klimagassutsleppa kjem frå mat som blir kasta.
LES FAKTALUKK FAKTA

– Det er ikkje bra for miljøet at me kastar så mykje mat. All maten me kastar, kunne me gitt vekk til dei som treng den, seier Ewen Totev.

Han og dei andre elevane som går på SFO Gomalandet, har lært mykje om korleis dei kan ta vare på maten gjennom programmet «Matjungelen». Noko dei har lært mykje om, er korleis me kan bli betre til å ta vare på maten som allereie er tilgjengeleg.

– Me hentar frukt og grønsaker som butikkane i nærområdet hadde tenkt å kasta, og så lagar me god mat med den her på SFO, seier lærar Berit Ulriksborg.

Ikkje bra å eta kjøt heile tida: Alt dette har borna redda frå bosset i matbutikkane. Dei er samstemde om at det ikkje er bra å eta kjøt heile tida. – Kål er veldig bra for kloden, seier Signe. Elevane nemner også grønsaker, fisk og frukt som gode matvarer.

Maten er god, sjølv med ein flekk eller to

– Veldig ofte tenkjer eg at «skulle dei kasta alt det her?». Me må vakna litt, det er ikkje slik at alt som vert kasta treng å vera dårleg, seier ho.

Elevane har fleire gode tips til kva me kan gjera med maten, for å unngå å kasta den.

– Me kan frysa middagsrestane våre, slik at me har middag eller lunsj neste dag. Men det beste er å eta den opp, seier Ida.

Ewen meiner at det er bra å laga salatar av grønsaker og frukt som du har liggande i kjøleskapet, medan Tale anbefalar å laga smoothie eller fruktspyd av frukt som syng på det siste verset.

– Sjølv om banenen er brun på utsida, er den heilt fin og smakar framleis godt, seier Tale.

God drikke: Sidan dei fekk mykje sitron og lime, bestemte dei seg for å laga god lemonade.

Elevane fortel at maten ikkje er dårleg, sjølv om den har ein brun flekk eller to.

– Det som er dårleg, kan me berre skjæra vekk.