Lesedigg.no skal hjelpa barn å finna kjekke bøker

Den nye nettstaden Lesedigg.no skal gjera det enklare for barn å finna kjekke bøker.

Med bruk av emojiar og mange andre søkefunksjonar, lar Lesedigg.no brukarane søka seg fram til bøker som passar akkurat for dei.

– Målet er å få fleire til å lesa og gjera litteraturen lettare tilgjengeleg for barn, seier redaktør for Framtida Junior, Svein Olav B. Langåker.

Lesedigg samlar bokomtalar, bokmeldingar, forfattarintervju, aktivitetar og siste nytt frå Framtida Junior.

Har kome med råd

Fleire barn, lærarar og bibliotekarar har kome med råd og innspel undervegs.

– Det har blitt veldig bra, seier Filip Lups i femteklasse på Sagvåg skule. Saman med fleire andre elevar har han kome med råd til korleis Lesedigg skal sjå ut og fungera.

Torsdag er det klart for offisiell opning under Dei nynorske festspela på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Sist veke fekk fleire unge lesehestar frå Stord ein førpreime på Lesedigg.no på Sagvåg skule og på Stord folkebibliotek. Donald-teiknar Arild Midthun kom for å teikna og fortelja frå den siste boka si. Til saman møtte kring 150. Foto: Svein Olav Langåker

Stort samarbeid

Lesedigg samlar innhald frå mellom anna Framtida Junior, Nynorskbok.no og Tunkatten.no. Nettstaden har også med utdrag frå fleire av bøkene som blir omtala.

Lesedigg er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Framtida Junior.

Klikk deg inn til Lesedigg.no her!