Framtida Junior og Lesedigg søker bokmeldarar

Er du glad i å lesa bøker? Og kan du tenkja deg å skriva om heilt nye bøker? Då kan dette vera noko for deg!

Framtida Junior er på jakt etter bokmeldarar som kan lesa og melda litteratur for Lesedigg og Framtida Junior.

I ei bokmelding bør du svare på desse spørsmåla:

  • Korleis opplevde du boka?
  • Kva gjer boka god eller dårleg?
  • Kvifor bør andre lese boka (eller la det vera)?

Send inn ein kort søknad der du fortel litt om deg sjølv og kva bøker du likar å lesa, saman med ei bokmelding som du har skrive.

Viss det er ein heil klasse som vil bli med, så er det lov for læraren å skriva ein e-post og forklara korleis klassen vil jobba med dette.

Alle som får oppdrag om å skriva bokmeldingar vil få tilsendt bøker i posten.

Send inn til: redaktør Svein Olav Langåker på svein@ framtida.no

Søknadsfrist: 24. november