MGPjr: Dette er årets finalistar

Årets finale inneheld fleire spennande sjangrar, som mellom anna pop og rap – og for aller første gang – black metal.

– Me gleder oss heilt enormt til å endeleg ha med oss tusenvis av publikummarar i salen. Dei får vera med på ei heilt spesiell og historisk oppleving, med ei TV-sending som fyller 20 år.

Det seier prosjektleiar for MGPjr, Eva Rutgerson Bie i ei pressemelding frå NRK.

«Det er no det skjer»

Temaet for årets musikkfest er «Det er no det skjer», og den store finalen går føre seg den 28. mai.

Dette året er det ei overvekt av gutar som skal delta i MGPjr. Det synest prosjektleiaren er svært kjekt. No legg ho opp til tidenes fest.

– Saman med eit stort publikum skal me laga tidenes fest der finalistane står «alle for ein» saman om å visa talentet sitt.

Dette er årets finalistar i MGPjr

  • Elend og Liam (fødd i 2007) frå Frekhaug. Låt: Parasitt
  • Fia (fødd i 2010) frå Nøtterøy. Låt: Tre om gangen
  • Ingebjørg (fødd i 2009) frå Drag. Låt: Her e æ
  • Line (fødd i 2008) frå Randaberg. Låt: Maska
  • Rafa (fødd i 2006) og Einar (fødd i 2007) frå Oslo. Låt: Broder
  • Sophie (fødd i 2012) frå Hommelvik. Låt: Hjertevænn
  • Stella (fødd i 2010) frå Skjeberg. Låt: Du er du og det er deg
  • Lisa (fødd i 2013) og Tobias (fødd i 2011) frå Frekhaug. Låt: Akkurat passe
  • William(fødd i 2009) frå Røyken. Låt: Tusen tankar
  • «Dep» beståande av Tønder (fødd i 2007) og Gaute (fødd i 2006). Låt: Kald mann