William stakk av med sigeren i MGPjr: – Aldri gi opp

Det var ikkje sagt at årets vinnar kom til å melda seg på musikkonkurransen. Han håpar andre barn om å ikkje gi opp, dersom du ikkje får det som du vil på første forsøk.

– Mitt beste tips er å aldri gi opp. Berre fortset, sjølv om du ikkje får det til. Det gjer deg berre sterkare, seier 13 år gamle William frå Røyken. 

28. mai kunne han jubla av glede, då han vann årets MGPjr med «Tusen tanker». Den vart laga på guterommet i løpet av pandemien.

– Låten handlar om når du har masse tankar som rasar gjennom hovudet, og når du ikkje greier å slappa av. Det ser ut som det er mange som kan relatera til det, seier William.

Sjølve prosessen med å laga ein melodi og tekst gjekk fort. William var nemleg veldig usikker på om han ville forsøka å delta i MGPjr på nytt. Han sende inn bidrag også i fjor, men det gjekk ikkje heilt som han hadde håpa.

Les også: MGPjr: Dette er årets finalistar

Årets vinnar: William vann årets MGPjr med låten «Tusen tanker». – Det var ei heilt sjuk oppleving. Eg var veldig glad og letta då eg forstod at eg hadde vunne, seier han. FOTO: Hans Otto Bordvik /NRK

– Ei heilt sjuk oppleving

– I fjor kom eg berre til audition. Då vart eg veldig skuffa, så eg tenkte lenge på om eg ville prøva igjen i år.

Nettopp det angrar han ikkje på at han gjorde. William fortel at han hugsar kjensla etter sigeren som ei stor lette.

– At det gjekk så bra og at så mange stemte på meg, var ei heilt sjuk oppleving. Eg trudde eigentleg ikkje at det var sant, for det var ein stor draum som gjekk i oppfyllelse. Eg kunne rett og slett ikkje bedt om noko meir.

Han beskriv opplevinga av å vera med på musikkonkurransen som ei veldig fin reise. Fleire av dei andre deltakarane er blitt gode venner i løpet av kort tid.

Les også: Dei to duoane frå Frekhaug er klar for MGPjr: – Me har allereie vunne

Både grua og gleda seg: William fortel at veka før musikkonkurransen gjekk i eitt. Deltakarane hadde fleire prøvar før direktesendinga. – Eg grua meg litt, og så gleda eg meg litt. Men eg gleda meg mest, seier han. FOTO: Hans Otto Bordvik /NRK

Venner for livet

– Dei er blitt venner for livet. Noko av det kjekkaste med opplevinga, var at me kunne backe kvarandre og gjera kvarandre sterkare. 

Tida etter finalen har vore travel for William. Han vart ønskt varmt velkommen tilbake på skulen av venner og klassekameratar, og kan fortelja at det har vore mykje oppmersomheit frå både kjende og ukjende.

– Eg er eldst på skulen min, og mange av dei små barna syntest at det var veldig tøft då eg kom tilbake. Dei gratulerte meg og følgde meg rundt, seier han og smiler.

Til hausten startar William på ungdomsskulen, og det gler han seg til.

– Utanom det kjem eg til å halda fram som før, med dans, song og musikal på fritida.