Slik lagar du di eiga låt

Torbjørn Storegjerde (21) er produsent og låtskrivar, og synest det er kult at barn er engasjert i musikk. 

– Det er fantastisk at yngre generasjonar tek over allereie, seier Torbjørn som kjem frå Rosendal i Vestland. Her er hans beste tips til deg som vil laga ei låt til MGPjr. Siste frist for påmelding er 11. oktober, 2021!

PRODUSENT: Torbjørn Storegjerde (21) har skrive mykje musikk. Foto: Privat
  • Start gjerne med rim. Det er ofta enklast.
  • Finn eit tema du vil skrive om.
  • Når du har skrive nokre linjer med tekst kan du prøva å endra litt på orda. Byt ut, legg til og fiks på ord og setningar.
  • Når eg har starten på ein tekst klar, set eg meg ned med piano eller gitar. Eg finn ein tone, og så lukkar eg augene, og lyttar meg fram til kva tone som høyrest best ut saman med orda eg har skrive.
  • For deg som ikkje kan spela instrument endå, finst det garageband-appar som er veldig enkle å bruke. Der kan du få god hjelp. Eg kjenner mange store artistar som starta i appen Garageband, og mange artistar som brukar den framleis.
  • Av og til er det enklast å berre nynne også. Berre ta opptak på mobilen. Syng og dikt gjerne på sparket også – berre syng direkte medan du tek opptak på telefonen.

LES OGSÅ: Josefine og Oskar sine tips til deg som vil melda deg på MGPjr 2022