Dei to duoane frå Frekhaug er klar for MGPjr: – Me har allereie vunne

Elend (14), Liam (15), Lisa (8) og Tobias (11) er frå Frekhaug, ein plass på Vestlandet med om lag 3000 innbyggjarar. No skal dei konkurrera mot kvarandre i MGPjr.

Kva er det eigentleg som skal til for at to duoar frå same vesle stad får plass i MGPjr? Skal me tru Elend (14), er det først og fremst medfødde årsaker.

– Eg trur det handlar om talent, seier han med glimt i auga. Frekhaug er ein plass der det er mykje musikk. Det er mange som driv med det her.

Liam (15), Lisa (8) og Tobias (11) nikkar einig.

– Det er veldig gøy at me er fleire som er med frå den same plassen, seier Lisa.

Denne veka har dei fire talenta frå Frekhaug pakka sceneklede og nervar i sekken, og sett snuten mot hovudstaden. Førstkommande laurdag skal dei stå på scena i Telenor Arena. Det blir ei stor oppleving.

Første gong i MGPjr: Elend og Liam fortel at dei skal gjera noko som aldri før er blitt gjort i MPGjr. Dei skal starta sendinga frå publikum, på toppen av ein platting som kan hevast. – Det er veldig gøy. De får sjå korleis det blir på laurdag, seier Liam.

Ein draum å vera med

– Det er jo ein draum, då. Me har vakse opp med NRK Super og MGPjr. Eg hugsar enda då eg såg Marcus og Martinus framføra «To dråper vann». Det er litt sjukt å tenkja på at det er me som skal stå der no, seier Elend.

Saman med Liam (15) deltek han med «Parasitt». Elend rappar og syng, medan Liam er DJ og musikkprodusent. Dei har skrive og laga låten saman, og kan fortelja at den handlar om opplevingar frå livet til Elend.

– Temaet er å vera annleis enn dei andre der du kjem frå. Sjølv om eg er fødd i Noreg, har eg alltid fått spørsmål om kvar eg eigentleg kjem frå.

Høyr «Parasitt her».

Den andre duoen frå Frekhaug, er dei to søskena Lisa og Tobias. Også dei har laga ein song som handlar kjensler mange kan kjenna seg att i.

Spent og nervøs: Lisa og Tobias er både spent og nervøs før livesending på laurdag. – Me gruar oss litt, og er litt redd for at noko skal gå gale, seier Tobias før Lisa legg til: – Heldigvis har me nokre heltar som passar på oss backstage.

Veslesøster har påverka storebror

«Akkurat passe» handlar nemleg om når du veit at du er passe stor til å gjera forskjellige ting.

– Eksempel er å hoppa i senga, å grisa, eller å ta store karusellar. Det er mange barn som tenkjer på dette, og det kan vera litt forvirrande, seier Tobias.

Lisa har laga fleire songar tidlegare, mellom anna «Smitte deg». Når ho får spørsmål om ho har påverka storebror, fortel ho at han lenge nekta å stå på ei scene.

– Eg har eigentleg ikkje turt, for eg syns det var litt skummelt, seier Tobias.

Det heile snudde då han var på ein leir, og tok sjansen på å synga.

– Etter eg var ferdig, tenkte eg at «no skal eg aldri slutta å synga og dansa, sjølv om eg får stygge kommentarar».

Høyr «Akkurat passe» her. 

Skal nyta moglegheita

Alle er kjempeglad for at dei har fått moglegheit til å bli med i Noregs største musikkonkurranse for barn. Liam og Elend fekk vita at dei var med då dei var på treningssenteret, og Liam beskriv det heile som «eit fullstendig sjokk». For Tobias og Lisa sin del, fekk den glade meldinga då dei var på songøving.

– Lisa begynte å grina, og eg stod der heilt i sjokk, seier Tobias før Lisa legg til:

– Det er veldig gøy å få sjansen. Og veldig, veldig spennande!

No skal dei nyta at dei har fått moglegheit til å vera med i konkurransen.

– Me skal vera oss sjølv, smila, ha det gøy og gjera vårt beste, seier Lisa.

Elend og Liam beskriv kjensla av å få vera med, som at dei allereie har vunne.

– Me skal vera på scenen og får med oss kule opplevingar. Alt anna er bonus, seier Liam.