Kva er det som er så spesielt med koronaviruset?

Snart markerar me eit år med koronaviruset i Noreg. Vaksina er komen, men framleis har me eit stykke att før me er tilbake til det normale. Immunolog Elin Lunde forklarer kvifor.

– Kva er eit virus?

– Eit virus er eit ikkje-levande vesen. Det er noko som er daudt men som likevel greier å formeira seg. Det består av arvestoff med protein og membran rundt. Det er som ein måte som ein liten ball. Midt inni ballen finner du arvestoffet, og på overflata finner du membranen og proteinane. Nokre av dei har utståande piggar, slik som me ser på alle bilda av koronaviruset. Skal viruspartiklane greia å formeira seg, må den inn i cellene våre for å få til å dela seg, seier Elin Lunde.

Heimekontor: Immunolog Elin Lunde jobbar heimefrå no, slik som mange andre vaksne også må. Foto: Privat

– Kva er det som er spesielt med korona-viruset?

– Egentlig er det ikkje noko spesielt med koronaviruset, då det kjem frå ein stor familie med fleire virus. Det som er spesielt med dette er at det er heilt nytt. Det er ingen som har sett det før, vore sjuke med det, eller har immunitet mot det.

– Kor smittsamt er koronaviruset?

– Koronaviruset er faktisk ikkje så smittsamt. Meslingar for eksempel, er mykje meir smittsamt. Men det som er skummelt med det, er at det er eit nytt virus som me ikkje kjenner.

– Ordet asymptomatisk vert nytta i samband med korona. Kva betyr det?

– Ordet asymptomatisk betyr at nokre kan ha blitt smitta med viruset, utan å bli sjuk av det. Dei som er asymptomatiske bærer med seg viruset utan å ha blitt sjuk.

– Kva er grunnen til at nokon blir veldig sjuke, medan andre ikkje merkar at dei er smitta?

– Hadde legane visst grunnen til det, hadde dei hatt eit fortrinn. Då hadde dei visst kven dei skulle følgja med på. Immunsystemet til menneska er forskjellig, og det er det som som bestemmer korleis me blir påverka av virus og andre sjukdomar. Me ser at det reagerer på ein ugunstig måte hjå dei som blir veldig sjuke.

Les også: Koronaviruset har mutert: – Det er blitt betre på å smitte

Les også: Mange i Utvik er smitta av mutert virus – bror til Agnete (9) har fått korona