Mange i Ulvik er smitta av mutert virus – bror til Agnete (9) har fått korona

I Ulvik i Hardanger er det blitt forbode å gå på besøk til kvarandre og skulen er stengd etter at den engelske versjonen av korona har smitta fleire i kommunen.

Agnete Nedrevåg Espelid (9) bur i Ulvik. Her bur det berre 1067 innbyggarar. No er den vesle kommunen ramma ganske hardt av den engelske muterte versjonen av korona. Torsdag sist veke var det til saman 53 smitta i kommunen. Så langt har ein funne ut av fem av dei har den engelske muterte versjonen av viruset.

Agnete synest det er dumt at det muterte viruset er kome til Ulvik.

– Fordi lillebroren min har fått korona.

Foto: Privat

Ho synest det er kjempedumt at idretten har stengt ned.

– Eg pleide å gå på ein idrett saman med bestevennen min.

Likar heimeskule

No har Espelid heimeskule grunna nedstenginga.

– Det er kjempeflott. Me får meir teikneoppgåver.

– Gler du deg til korona er over og kva skal du gjera då?

– Ja, då skal eg gjera alt mogeleg, og så veit eg ikkje heilt fordi eg har ikkje planlagt for det.

– Er du bekymra no når det er korona?

– Litt.

Korona og bursdag

Korona kom rett før bursdagen hennar, så då kunne ho ikkje feire den. Det synest ho var kjempedårleg.

– Det er ei jente som har bursdag på same tid som meg, og me vart om lag like lei oss, avsluttar ho.