Koronaviruset har mutert: – Det er blitt betre på å smitte

Du har sikkert høyrt ordet mutasjon eller mutert bli nemnt fleire gonger dei siste vekene. Politikarane snakkar om det, avisene skriv om det. Men kva betyr det eigentleg?

Håpar vaksinen hjelper: Elin Lunde fortel at ho ikkje tør å håpe på når verda kan vera tilbake til normalen. – Eg må forhalda meg til det ekspertane seier, slik som alle andre. Så fort me får vaksinert dei som er i risikogruppa, kan me nok starta å opna opp litt meir.
Foto: Privat

Elin Lunde er immunolog og jobbar i kommunikasjonsavdelinga ved UiO, noko som betyr at ho veit mykje om immunsystemet til menneske. Ho fortel at mutasjonar i virus er heilt normalt, og at det er noko som skjer med alle virus.

–  Mutasjonar er det same som endringar i arvestoffet til eit virus. I og med at arvestoffet er oppskrifta på korleis alt i kroppen skal sjå ut, vil ein mutasjon føra til at noko ein eller anna plass endrar seg, seier Lunde.

Blir vanlegvis svakare eller likt

– Koronaviruset har mutert veldig mange gonger. Det som er mest vanleg når eit virus muterer, er at dett blir svakare eller uendra.

I slutten av januar vart det oppdaga ein korona-mutasjon på Austlandet, som førte til at nesten alt måtte halda stengt. No er det same skjedd i områda rundt Bergen. I Ulvik, som er ei lita bygd med litt over 1000 innbyggjarar, er 92 stykker blitt smitta til no. Det skriv Ulvik kommune. 

Mutasjonen som kom til Austlandet og til Ulvik, har opphav i England. Forskarane har funne ut at den kan vera mykje meir smittsam enn koronaviruset som allereie finst i Noreg. Det er også oppdaga oppdaga mutasjonar frå Brasil og Sør-Afrika, som skapar bekymring.

Ifølgje immunologen er det heilt tilfeldig at desse er blitt meir smittsame.

– Det som har skjedd med desse virusmutasjonane, er at det har fått ein fordel. Det har vore så «heldig» at det er blitt betre på smitte. For alle virus vil jo nettopp det – å smitte, seier ho.

– Me veit ikkje enno

– På grunn av denne fordelen, formeirar viruset seg fortare. Det betyr at det er meir smittsamt, og fleire kan bli sjuke.

Nokre trur at det muterte viruset frå England er meir dødeleg. Lunde fortel at det er usikkert.

Det einaste me kan seia sikkert, er at det har ein vekstfordel, noko som gjer at det formeirar seg og sprer seg fortare.

– Me veit rett og slett ikkje så mykje om det enno, og nettopp derfor må me vera ekstra forsiktige.

Les også: Mange i Ulvik er smitta av mutert virus – bror til Agnete (9) har fått korona