Covid 19 er ikkje lenger ei global helsekrise

Covid 19 blir ikkje lenger rekna som ei global helsekrise, seier Verdas helseorganisasjon.

– Dette er eit stort steg mot slutten på pandemien som er estimert til å ha teke livet av meir enn 20 millionar menneske og forstyrra den globale økonomien, uttaler organisasjonen til NRK.

I Noreg har det ikkje vore nokon pålagde smitteverntiltak mot koronaviruset sidan februar 2022.

GIF: Giphy.com