Song seg til siger utan publikum

Det var kun éin ting Hennika Eggum Huuse syntest var litt kjipt då ho vann den 19. utgåva av MGPjr-konkurransen.

Dette er Hennika Eggum Huuse

Alder: 11

Bur: Oslo

Aktuell med: Vann MGPjr 2020 med låta “Kan ikke la deg gå”

Yndlingsmusikk: Alan Walker og Sigrid

Kjæledyr: Dverghamster

På fritida likar ho best: Å bade og klatre i leikestativ

LES FAKTALUKK FAKTA

I Uranienborgparken i Oslo møter Framtida Junior ein svært fornøgd 11-åring. Førre laurdag sto Hennika Eggum Huuse på scena i Oslo Spektrum, med glitter i fjeset og dottar i håret, og dansa og song seg til siger i MGPjr-finalen. 

Når vi treffer henne no, eit par dagar etterpå, har ho avslappa klede og utslått hår – og er nettopp ferdig med ein vanleg dag på skulen.

– Er det litt keisamt å vere tilbake i den vanlege kvardagen? 

– Neida, smiler Hennika, som går i sjette klasse.

– Det har faktisk vore ekstra kjekt på skule denne veka, for alle har vore så glade på mine vegne. 

Foreldra fekk ikkje sjå henne

Hennika fortel at ho har sett på videoopptak frå opptredenen sin på MGPjr-finalen saman med klassekameratane. Ho vann med låta «Kan ikke la deg gå».

– Det var litt flautt å sjå på seg sjølv saman med klassa, fortel ho. – Men fint også. 

Verken klassekameratane eller nokon av dei andre Hennika kjenner sat i publikum under laurdagens finale, ikkje ein gong foreldra og storebroren. På grunn av koronapandemien vart det bestemt at Oslo Spektrum skulle vere heilt tomt. 

– Eg synest det var kjipt, seier Hennika.

– Samtidig var eg letta over at ingen deltakarar blei sjuke før laurdag, for då måtte vi ha avlyst heile finalen.

(Saka held fram etter videoen)

Visesong, Sigrid og Alan Walker

Den talentfulle Oslojenta fortel at ho og familien er glade i musikk, men at ho nok har litt anna smak enn foreldra sine, dei kjende artistane Kaia Huuse og Jan Eggum.  

– Dei høyrer mest på visesong og slikt… Sjølv likar eg best musikk av den typen Alan Walker lagar. Men eg høyrer på mykje forskjellig, visesong også. 

– Har du eit musikalsk førebilete?

– Det må vere Sigrid. Musikken hennar er så kul!

Jobba hardt

Hennika har lyst til å satse på ei karriere på scena, og kan fortelje at ho har fått ei rolle i oppsetjinga av Reisen til julestjernen på Folketeateret i Oslo. Ho fortel at ho har jobba hardt for å nå til finalen i MGPjr.

– Eg har prøvd å kome med to gongar før, men då greidde eg det ikkje.

Det viser at det lønner seg å ikkje gje opp, meiner Hennika, som har eit godt råd til andre barn som har lyst til å halde på med musikk:

– Viss du har ein idé til ein song, så ta vare på den. Sjølv om du ikkje er fornøgd med den no, så kan du ta den fram igjen seinare, og då kan det hende at du likar den!