Til lykke med samefolkets dag!

Lihkku beivviin! Det betyr «Gratulerer med dagen», på samisk. 6. februar, er det 103 år sidan det fyrste samiske landsmøtet blei halde i Trondheim.  

Nasjonaldagen er viktig for samefolket, på same måte som at 17. mai er viktig for resten av Noreg. Både samar og ikkje-samar feirer denne dagen.

Vi feirar dagen for dei samiske rettane samefolket har kjempa fram gjennom historien. Denne dagen viser samane stolt fram kulturen gjennom kleda, musikken, maten og kunsten – og ikkje minst rettane dei har kjempa for.

PRESIDENTEN: Aili Keskitalo er ein norsk samisk politikar frå Kautokeino. Frå 2017 har ho vore sametingspresident i det norske Sametinget. Ho har også tidlegare vore sametingspresident i to periodar, fyrst frå 2005 til 2007, og igjen frå 2013 til 2017.

Viktige fakta om samefolkets dag:

  • I 1917 blei det fyrste samiske landsmøtet heldt i Trondheim. Det var fyrste gong samanane var samla for å arbeide for felles samiske saker over nasjonalstatsgrensene, mellom Noreg, Sverige, Finland og Russland.
  • Samane sitt flagg har fargane raudt, blått, gult og grønt. Sirkelen i flagget er i fargane blått og raudt. Det blå representerer månen, og det raude representerer sola. Det gule og grøne skal forestilla naturen og dyra i samisk kultur. 

    Foto: Pixabay
  • Kofta er fargerik i fargane som ein også ser på sameflagget. Desse er forskjellige får plass til plass. Akkurat som den typiske bunaden. Sølja i halsen, som kan minne om ei bunadsølje, blir større etterkvart som ein blir eldre.
  • Samefolkets dag er ein felles dag for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland.
  • Grunnlova frå 1814 ekskluderte samar frå politisk deltaking. I 1821 blei Grunnlova endra, og samar i Finnmark fekk stemmerett ved stortingsval.
  • I Noreg er det tre variantar av det samiske språket: Nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk

Tips til korleis du kan feire dagen:

  • Lytt til samisk musikk på YouTube, Spotify eller ein anna musikkteneste.
  • Teikne og fargelegg det samiske flagget.
  • Sjekk ut Matstart.no for oppskrifter på samiske rettar du kan lage til middag.