«Udyr»: Spennande om norrøn mytologi

BOKMELDING: Udyr passar utmerka for ungdommar mellom 13-15 år som likar norrøn mytologi og spenning.

FAKTA
  • Fantasy
  • Kristine Tofte
  • Udyr
  • Det norske Samlaget
LES FAKTALUKK FAKTA

BOKKALENDER: Forfattaren av Udyr, Kristine Tofte, har tidlegare skrive fantasy-bøker for vaksne, som i likheit med Udyr handlar om norrøn mytologi. I boka møter vi Amund, ein skulelei 15-åring, som vert sendt på praksisplass til Bru gard, ein gard mange trur det er noko rart med. Då eigaren av garden dreg sin veg etter å ha gjeve han ein kjapp innføring i kva han skal og ikkje skal gjere med dyra, vert Amund sittande att åleine med alt ansvaret.

Amund kan nesten ingenting om dyr, men det kan Ida. Ho er den penaste jenta på skulen, og dukkar plutseleg opp på garden. Saman finn dei snart ut at noko ikkje stemmer med dyra på Bru gard. Men dei er ikkje dei einaste. Det er fleire som anar at ikkje alt er heilt normalt på garden, og har planar om å avsløre løyndommen. Amund og Ida må finne ut kva som eigentleg skjer, samtidig som dei må overleve eit veddemål mellom to norrøne gudar.

Hvis du ikkje visste noko om norrøn mytologi frå før, veit du i alle fall ganske mykje etter å ha lese Udyr. Boka er skriven på ein god måte som engasjerer lesaren til å lese vidare. Det einaste minuset med boka, er at handlinga nokre gonger verkar usannsynleg. Ho passar utmerka for ungdommar mellom 13-15 år som likar norrøn mytologi og spenning.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.