«Fra og med nå»: For deg som likar hestar

BOKMELDING: Har du lyst på ei ganske lettlesen bok om hestar og venskap er denne boka perfekt for deg!

FAKTA:
  • Hestebok
  • Katja Timgren
  • Fra og med nå
  • Omnipax
LES FAKTALUKK FAKTA

BOKKALENDER: Fra og med nå er skriven av Katja Timgren, som tidlegare har skrive bøker for både vaksne og barn. Ho har også fått den svenske prisen «Slangbellan» for årets beste barne- og ungdomsbokdebut i 2004. Boka handlar om 12 år gamle Amanda. Frå den dagen i juni då ho får sin eigen hest, Ila, blir alt forandra.

Sommaren Amanda trudde skulle bli den verste sommaren nokon gong, blir ein sommar full av riding, hestar og moro. Ho får også ein ny ven, Kaja, som er fleire år eldre og eig hesten Tovan. Etterkvart byrjar Amanda å lure. Kva er det som skremmer Kaja så mykje at ho rømmer ut i skogen saman med Amanda og hestane?

Fra og med nå handlar om hestar og riding, men også om venskap. For å like boka burde ein vere interessert i hestar, for det kan bli litt forvirrande med alle uttrykka som blir brukt, og fordi det er ein typisk hestebok. Men viss du har lyst på ei ganske lettlesen bok om hestar og venskap er denne boka perfekt for deg!

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.