«Barnas juleroser 2019»: Perfekt til romjula!

BOKKALENDER: Barnas juleroser kom ut for første gong i fjor. Då var temaet for heftet lys. I år er det magi. Heftet er sett saman av vakre dikt, gode forteljingar og teikneseriar. Det inneheld songtekstar, dekorasjonsidear, spennande eksperiment, og morosame oppgåver, i tillegg til 24 fakta om jula.

Det alt har til felles er som sagt magi. Ofte seier vi at jula er magisk, men det er vi sjølve som skapar magien. Det som er så fint med å vere barn, er at ein har evna til å lage si eiga verd og skape sitt eige univers. I jula skapar vi ei magisk verd av både nissar, englar og flygande reinsdyr. Det er dette forteljingane i heftet handlar om.

Det er fleire forfattarar og illustratørar som har vore med på å skape dette fine heftet. Blant anna Simon Stranger, Lars Mæhle og Jenny Jordal. Nokre av illustrasjonane er så vakre at ein får lyst til å henge dei opp på veggen. Dersom du spør meg er dette heftet den perfekte underhaldinga i romjula for barn frå 7-11 år.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Nora Hellebust her: – Ei god bok må ha litt humor