«Blåtimen»: Viktig bodskap i koseleg innpakking

I år fyller Blåfjell 20 år, og difor er to fine historier samla i jubileumsheftet Blåtimen av Gudny Ingebjørg Hagen og illustrert av Svein Solem.

BOKKALENDER: Gjennom éi forteljing om blånissar og éi om dei ikkje så kjende tåketrolla, tryllar Hagen og Solem fram att minne vi kanskje har gløymt om den koselege julekalendaren som tok Noreg med storm. Dei to forteljingane har ein veldig viktig bodskap. Illustrasjonane er detaljerte og passar godt til den koselege måten Blåfjell er skriven på.

I den første forteljinga, Lys og lykter i bygd og fjell, er det lyktedagen i Blåfjell. Dronning Fjellrose skal tenne lykt utanfor blåvêrshulen, men berre dersom hulejulevasken er ferdig. Turte må ned til bygda for å hente mat til raudnissen ho held skjult i berget, som ho så gjerne skulle ha vore ven med. Men ein raudnisse og ein blånisse kan ikkje vere vener.

I den andre forteljinga, Tåketroll i Blåfjell, møter vi Skodde, som trur ho er det mest einsame tåketrollet i verda. Ho flyg til Blåfjell for å vise fram tåketeppet sitt, og vert ven med blånisseborna.

Du bør vite litt om Blåfjell før du les heftet, iallefall litt om karakterane. Eg trur alle som er glad i Blåfjell kan ha glede av dette heftet.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Ragnhild Tonning her: – Favoritten min er fantasy

LES FLEIRE BOKMELDINGAR I BOKKALENDEREN VÅR!