«Alt jeg skylder deg er juling»: Slår berre dei som fortener det

Bokmelding av Alt jeg skylder deg er juling av Arne Svingen.

BOKKALENDER: Boka er skriven av Arne Svingen som tidlegare har skrive mange bøker for alle aldersgrupper. I denne boka skriv han om 17 år gamle Herman som slåss. Herman slår ikkje berre for å slå, men for å ta igjen på folk som verkeleg fortenar det. Han treff ei jente som heiter Silje. Ho viser seg å vere ei han har møtt før.

Herman finn ut at han har slått ein han ikkje burde ha slått. Mora til Herman får beskjed frå foreldra, og tanken om at Herman spelar knokepoker om kveldane fordufta med ein gong. Mora tvinger han til å seie unnskyld, men det ender med at han seier kvifor han gjorde det. Seinare får han vite at han er meldt til politiet. Silje viser han ei spesiell namneliste som forandrar på mykje. Silje har nemleg ein plan som Herman går med på, og det viser seg at planen ikkje går heilt slik som den skal.

Boka er ikkje ein del av ein serie, så det er ingen andre bøker du er nøydd til å lese først. Denne boka er perfekt for deg som likar bøker som er litt realistiske. Ho er skriven på ein måte som får deg til å bli litt nysgjerrig på livet til Herman. Den har gode skildringar og det er litt spenning i starten som gjer at du vil lese vidare. Boka har ein bra, men overraskande slutt. Silje kan vere litt forvirrande fordi ho snakkar så mykje om så mykje rart. Boka har litt grovt språk i seg og nokre av episodane er skumle og ekle. Eg trur ho vil passe for ungdommar mellom 13 og 16 år.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Nora Hellebust her: – Ei god bok må ha litt humor