«Vi var en gang»: Å lime saman eit knust venskap

Bokmelding av Vi var en gang av Monika Steinholm

BOKKALENDER: Vi var en gang handlar om Saga og Sofie. Ein gong var dei bestevenner.  No har liva deira gått i to heilt forskjellige retningar. Sofie er populær og skuleflink, men veit ikkje kven ho eigentleg vil vere. Saga er sint og einsam og har vore på fjellet heile sommaren for å passe kyr.

Like etter at andre år på vidaregåande har starta, blir dei to tvungen til å vere saman på grunn av ei naturfagsoppgåve. Såret etter alt som har skjedd blir riven opp att og med eitt er alt snudd på hovudet.

Dette er historia om to jenter som lengtar etter kvarandre utan å vite det. Historia om korleis det er å lime saman eit vennskap som ein gang gjekk i tusen knas.

Boka har eit veldig trist, men er også spennande og humoristisk. Mange viktige tema blir tatt opp i boka og situasjonane er lett å kjenne seg igjen i. Saga og Sofie fortel i annakvart kapittel. Det gjer at du får høyre historia frå to ulike synspunkt.

Boka er ikkje ein del av ein serie, men det er ein slags samanheng mellom denne boka og ein serie ho tidlegare har skrive. Eg synest boka passar for ungdom frå tretten år og oppover. Den anbefalast verkeleg!

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Eirin Støfringsdal her: – Eg er frykteleg glad i Harry Potter!

SJÅ FLEIRE BOKMELDINGAR I BOKKALENDEREN VÅR HER!