Snøfall er her som bok: – Får forteljinga til å verke levande

BOKKALENDER: Bokmelding av Snøfall av Hanne Hagerup og Hilde Hagerup.

NRK sin mest sette julekalendar nokonsinne, Snøfall, er no komen som bok. Selma er 9 år og foreldrelaus. Foreldera hennar, Liv og Albin, døydde i ei ake-ulykke då ho var lita. Sidan har ho budd hos Ruth, ein nabo som er både sur og altfor ryddig. Den einaste venen til Selma er hunden Casper, men i løpet av boka får ho mange fleire.

Det er snart jul då jamngamle Håkon flyttar inn i blokka der Selma bur, og dei vert vener med éin gong. Ruth har nettopp arva eit gammalt antikvariat som Selma synast er heilt fantastisk, problemet er berre at Ruth vil selje det så fort som mogleg. Men før ho kjem så langt, forsvinn Selma, og hamnar på magisk vis i nisselandsbyen Snøfall. I Snøfall vert alt snudd på hovudet då sjølvaste Julenissen plutseleg er vekke. Saman med nisseborna Pil og Frida forsøker Selma å finne han. Klarer dei ikkje det, vil jula forsvinne for godt.

Hanne og Hilde Hagerup skildrar på ein god måte og får forteljinga til å verke levande. Teikningane er detaljerte og minnar litt om Lisa Aisato sine illustrasjonar. Det er Håkon som fortel, sjølv om Selma er hovudpersonen. Snøfall passar for både born og vaksne og er delt inn i 24 kapittel; eitt for kvar dag fram til julafta.

Boka er illustrert av Ane Gustavsson.

Les meir om Framtida Junior sin bokmeldar Sunniva Tonning her: For at eg skal like ei bok, må ho innehalde gode skildringar, variert språk, litt humor og ikkje minst må ho vere spennande, gjerne litt heile tida.