Vaksne må skjerpe seg!

Alt for mange foreldre legg bilder av ungane sine på sosiale medium som Facebook, Instagram og Snapchat.

Mange foreldre legg bilete av ungane sine alt for ofte.

Nokre legg ut bilete når ungane er på sjukehuset, viss dei har skada seg, alt ungane gjer og viss dei skal på tur!

Mange foreldre tenker ikkje før dei legg ut bilete av forskjellige ting! Og mange legg ut bilete når ungane er født! Mange har eigentleg mista kontrollen med dette her. Og mange av foreldrene spør til og med ikkje ungane før dei legg ut bileta. Sikkert mange av foreldrene legg ut bileta berre for likes. Og sjølvsagt liker ikkje alle ungane dette!

Dette burde foreldra gjere i staden:

  1. Spør ungane fyrst før du legg ut bileta. Eller viss dei ikkje er så gamle og ikkje kan snakke endå spør dei når dei blir større!
  2. Ta meir omsyn på kva du legg ut. Til dømeså er det ikkje vits å legge ut bilete av ungane viss dei er på sjukehuset eller liknande!
  3. Ein treng heller ikkje legge ut alt av kva ungane gjer!
  4.  Pass på kva du legg ut!

Dette her er alltid noko du burde passe på! Alltid tenk på kva du legg ut.

Tenk på kva du legg ut av ungane dine!