Tuva Espedal i 6.klasse ved Forsand skule synest skulane og klassane bør få betre økonomi. Foto: Privat

Sånn som det er i dag følar eg at skuleklassane gjer mindre kjekkare ting saman fordi det er for dyrt.

For eg trur at dei fleste barn lærer betre viss dei har samfunnsfag på eit museum enn å kjeda seg kjempemykje i timen i klasserommet. Eg meiner ikkje at me skal slutte med all undervising i klasserommet. Eg meiner berre at me må gjere litt kjekkare ting saman, slik at det blir meir variasjon.

Det er mange barn som gruar seg til å gå på skulen. Sidan mange av oss går på skulen ufrivillig så må me kunne gjere kjekke ting saman litt oftare. Det vil og skape betre klassemiljø, og kanskje mindre mobbing.

Det treng ikkje vere så store ting. For eksempel varm mat éin gong i veka. Viss det ikkje går, kvifor kan ikkje klassene ha mikro eller vasskokar?

For det er ikkje så gøy og ha skiver eller knekkebrød med pålegg på kvar dag. Då kan me gjere nokre vriar med for eksempel osteskiver eller nudlar.

Eg trur lærarane og vil vise at faga faktisk kan vere veldig gøy og spennande.

Eg håpar alle politikarane tenker på dette, og gir meir pengar til skulane.

Les også: – Me lærer masse i skulehagen