Sigrid Fossan Medalen går i 6. klasse ved Forsand skule og skriv om krigen i Ukraina. Foto: Privat

I februar 2022 starta det ein krig i Ukraina. Veldig mange folk har flykta, flykta frå heimane sine og familien sin. Alle i Ukraina er redde, og eg meiner at me må hjelpe dei.

Alle menn frå 18 til 65 må vere igjen og hjelpe landet sitt, viss ikkje dei har ein spesiell grunn. Å vere far er ikkje ein god nok grunn til å sleppe krigen. Alle barn som har flykta, har flykta frå faren sin. Dei veit ikkje om dei ser han igjen.

Mange av dei som flyktar veit ikkje kor dei skal, og kjem gjerne til eit land der dei ikkje kan språket.

Les også: Halvparten av barna i Ukraina er på flukt

Dei som er igjen i Ukraina er i bomberom, i kjellarar eller andre stader. Dei får kanskje komme opp viss det er trygt.

FN seier at over 1000 sivile er drepne til no. Det er uskuldige i krigen. Mange av dei sivile som er drepne er barn.

Noreg hjelper litt allereie, men me kan ikkje stoppe krigen. Hadde Noreg sendt soldatar hadde det blitt verdskrig, og det vil ingen. Men me kan alltid hjelpe meir. Det er millionar der som treng hjelp.

Eg meiner Norge bør ta inn fleire flyktningar, gi mat til dei som er på flukt og hjelpa så fleire folk kan flykte.

Les også: Kva betyr dei vanskelege orda i Ukraina-krigen?